Naprapatiens historie

Oakley Smith 

Oakley Smith vart fødd 19.februar 1880 i West Branch, Iowa.

Foreldra Ann Beeson Smith og Robert Barkington Smith dreiv ein stor farm i området, og han hadde to eldre brør, Ralph og Horton.

Ved fireårsalder fekk Oakley skarlagensfeber, noko som gjorde han bleik, tynn, svak og sjukeleg. Dette var ein tilstand som varte i 16 år.  Foreldra hans gjorde alt for å forbetre helsa til sonen, og aksepterte ikkje den skjøre tilstanden hans. Dei tok han med til ulike doktorar og behandlarar i ulike delar av USA, ofte med årelange opphald utan at dette utgjorde nokon skilnad på helsa hans.

I 1899, då han var 19 år, bestemte han seg for at om ingen kunne hjelpe han, så fekk han gjere det sjølv.

Det året starta han på The Medical School, University of Iowa, som `spesialstudent`, ein slags  freelance-student. Han hadde ingen plan om å bli lege, han var der kun for å finne ein måte å bli kurert på. På slutten av året utdanna han seg til chiropractor hos Palmer. Over ein periode på 2 år tok han ulike medisinske fag samt at han overvar bortimot 300 operasjonar. Oakley sin eldre bror Horton studerte til sivilingeniør også på dette universitetet. Brørne samarbeidde, og under instruks frå Oakley utførte Horton ulike grep langs ryggrada til Oakley, som å trykkje, dra, skubbe og vri på ulike måtar. Dette vart gjort 5 dagar i veka over 2 år, og etterkvart byrja ting å skje. Etter 2-3 månader forsvann bleikheita. Varmen kom attende i hender og føter, og vitaliteten auka. Etter ei tid kunne Oakley arbeide dag og natt.

Målet hans var å verte betre eller heilt frisk, ikkje å skape ein ny profesjon, men no kom også ambinsjonane om dette. Fungerte metoden på han, ville den også fungerte på andre, tenkte han. Han hadde skapt noko nytt, med nye grep som ikkje verken osteopatar eller chiropractorar brukte. Han hadde dermed skapt ein heilt ny profesjon.

Han opna kontor i Chicago og etterkvart vart fleire av pasientane hans interesserte i teknikkane han hadde utvikla. Dette førte til at han starta opp klassar.

Etter ei studiereise i Europa sommaren 1902, der mesteparten av tida vart tilbrakt i Bõhmen, Tjekkia, vart han introdusert for «The Bohemian Thrust», eller «Napravit Thrust». Dette er truleg opphavet til at han valde å kalle den nye profesjonen for Naprapati.

Etter heimkomsten starta Oakley Smith samarbeid med Dr. Solon Langworthy og Dr. Minora Paxon, sistnemnde den fyrste kvinna med lisens som chiropractor i Illinois. Dr. Langworthy starta i 1903 opp «American School of Chiropractic and Nature Cure» i Cedar Rapids, ein skule som direkte konkurrerte med Palmers skule. Skulen til Langworthy var den første til å kombinere manipulative teknikkar med andre teknikkar, som til dømes massasje. Smith fungerte som rektor på skulen, Langworthy var «ordførar», mens Paxon sat i styret. Utdanninga gjekk over 6 veker og kosta den gong 250 dollar.

1905-1907; Naprapatien vert fødd.

Oakley Smith var ifrå starten chiropractor, men strevde etter å bevise subluxasjonsteorien som Palmer hevda. Under studiane vart Smith kritisk til denne teorien, då han med si forskning påviste at virvlar ikkje kunne hoppe ut av ledd som tidlegare hadde vore beskrive. Smith innleia difor for alvor forskninga på dette i 1905.

Ifølge Smith sjølv gjorde han oppdagelsen som førte til skapinga av profesjonen Naprapati den 16. november 1905, klokka 23.45.

Under disseksjonen av eit preparat hadde Smith tatt ei vevsprøve frå ryggrada samt dei strukturane som omgjev facettledda. Vevsprøva inneheld også ligamenta rundt ledda, og det var akkurat dette Smith var interessert i. I mikroskopet sitt såg han i ligamenta, arrvev, som var vokse saman med, og påverka, nærliggande nervar, arteriar og vener. Smith innsåg umiddelbart at hans oppdaging var banebrytande. Dette kunne vere svaret på det han hadde lett etter, ei årsak til smerta som pasientane hans oppsøkte han for. Etter eige utsagt vart han så glad at han dansa «jig» med seg sjølv.

Det han fann, leia seinare fram til dei teoriar som låg til grunn for naprapatien, «Ligatite-teorien». Smith skreiv seinare, under dei kommande åra fram til 1907, ned sine forskningsresultat, men publiserte ikkje desse før i 1919, i «The Connective Tissue Monograph», Naprapathic Connectivology Vol 1.

I løpet av åra 1904-05 skreiv Smith den boka som kom til å bli den første eigentlege lærebok i manuell medisin, «Modernized Chiropractic». Boka vart utgjeven i 1905, og vart seinare kompletert med eit 16-siders vedlegg som beskriv utviklinga av naprapatien «Naprapathy Genetics: Being a study of the orign and developement of Naprapathy». I boka presenterte Smith ikkje berre sine teoriar om ligatites som han bygde grunnidéen på, men også korleis ein skulle organisere sin klinikk samt undersøke og behandle pasientane.

«Modernized Chiropractic» var ei banebrytande bok på mange måtar. Mellom anna var den faktisk  den første riktige dokumentasjonen innan chiropractic og manuell medisin. Men den var eigentleg ikkje å betrakte som chiropractic men som «Modernized Chiropractic», og skulle i følge Smith sjåast på som noko nytt. Det han eigentleg beskreiv var naprapati, sjølv om det namnet ikkje var teke i bruk enno. Smith nemner ikkje Palmer og dei teknikkar han lærde ut. I staden tileignar han desse teknikkane til napravit og dei bõhmiske innvandrarar. I boka er eit bilde av ein innvandrar frå Bõhmen som behandlar ein landsmann med nettopp dei teknikkane som Palmer hevdar han var først ute med.

I den regionen som både Smith og Palmer var verksame, var det mykje innvandring nettopp frå Bõhmen. Dette gjer det truleg at begge desse mennene var inspirert av desse personane.

«Modernized Chropractic» ga også den første referansen til det ein i dag kallar for rørslepalpasjon; å undersøke kroppen og ledda i den dynamiske rørelse i staden for i kvile.

Smith såg ledda i ryggen som om dei hadde eit normalt rørsleomfang og ein normal rørsleaxel. Desse referanser til ryggradsdynamikk ligg til grunn for mykje innan manuell medisin av i dag. Røtene til teoriane om viktigheita om dynamisk rørelse kjem altså frå Smith, noko som framståande forskarar seinare har bekrefta.

1907-08; Den første naprapatskulen – Chicago College of Naprapathy.

Oakley Smith starta i 1907 Chicago College of Naprapathy på South Marshfield Avenue i Chigaco. Det var to inntak pr år, kvinner og menn var akseptert på same vilkår, noko som var svært uvanleg i 1907.

Utdanninga var 2 år, og omfatta utover naprapati dei basemedisinske faga som også fins i dagens naprapatutdanning.

Smith var svært nøye med at utdanninga skulle vere organisert på ein bra måte, og kvart fag skulle vere tilgodesett med lempeleg kurslitteratur.

Hans eiga bok «Modernized Chiropractic» hadde naturlegvis ei framheva stilling i den teoretiske og praktiske undervisninga.

Studentane gjennomførde den kliniske praksisen på Cook County Hospital i Chicago, som berre låg 5 minutt frå skulen. Frå 1909 og utover held Smith fram med å arbeide med si forskning og undervise parallellt på skulen. Han starta eit antal mindre skular med hensikt å spre naprapatien. I 1917 ga Smith ut ytterlegare ei bok, «Naprapathic Chartlogy» der han beskreiv undersøkingar, journalføring av sine funn, diagnostisering og korleis desse skulle behandlast. Chartologien, systemet for å nedskrive undersøkingsfunn og behandling, var unikt for naprapatien.

I 1949 starta indre stridigheiter mellom ulike naprapater og den etablerte skulen. Harald Swanstrom, naprapat og formann i den veletablerte fagforeininga American Naprapathy Association, ville at utdanninga skulle vere lengre og meir omfattande. Dette skulle styrke naprapatane si truverd og kompetanse, som i sin tur skulle leie til godkjenning. Smith meinte ikkje at det var naudsynt med godkjenning, då naprapatar ikkje dreiv med medisin på same linje som legane.

Sett i eit historisk lys er dette svært rart, då Smith sjølv var ei drivkraft i starten av 1900-talet for å få i stand ei eiga godkjenning for chiropractorar. Resultatet av krangelen og dei delte oppfatningane førte til at det oppsto ein konkurrerande skule, «National College of Naprapathy». Desse to skulane eksisterte side om side på 50- og 60-talet.

Då Oakley Smith døydde i 1967, 87 år gammal, gjekk dei to skulane i hop. Dei danna «Chicago National College of Naprapathy» som også i dag utdannar naprapatar under namnet «National College of Naprapathic Medicine».

Frå 1992 fekk naprapatane godkjenning i Illinois.

Bjørn J:son Berg 

Bjørn Jonsson, seinare  Bjørn J:son Berg, vart fødd 31.juli 1943 i Vãrmland. I 1959, 17 år gammal, reiste han med mor si, Edith Jonsson, til New York, USA. Litt seinare reiste han åleine vidare til Chicago, der han hadde slekt.  Han fekk jobb som snekkar, men hadde som mål å studere til ingeniør. Ein dag han heldt på med å skifte kyrkjeglas, fekk han akutte ryggsmerter, noko han søkte hjelp for utan at det hadde noko verknad. Han hadde ein nabo som visste om ein  i same bygård som Bjørn budde i, og føreslo at Bjørn kontakta han. Denne var av svensk avstamming og heitte Gordon Johnson. Gordon var student ved Chicago College of Naprapathy. Behandlinga han ga hadde god effekt på Bjørn, noko som vekte interessa og leia til studie ved skulen. Han tok til der i 1960.

Den 15.juni i 1964 tok Bjørn sin eksamen og vart Dr. of Naprapathy. Under desse åra hadde han Dr. Oakley Smith som lærar. Bjørn jobba frå 1964 til 1967 som naprapat i Chicago. I 1968 flytta han attende til Sverige etter å ha fått innkalling til Vietnamkrigen. Han flytta til Õrebro og starta opp klinikk der, «Naprapathic Center». Han fekk snart mykje å gjere, og verksemda vart omskrive og omtala i så vel aviser som radio. Dette vekte interesse hos folk som meinte det burde vere ei høgare utdanning i manuell medisin i Sverige.

I 1970 grunnla Bjørn «Naprapathic School Stockholm», som i dag er Naprapathõgskolan. Same hausten starta han også eit interimforbund, Forbundet Naprapathy, for Manuell Medicine. Den 7.januar 1971 skifta dette namn til Svenska Naprapatfôrbundet.

Heilt frå starten hadde ein høge krav til kvalitet, og den grunnleggande tanken var å skape ei utdanning som var endå betre enn den i Chicago. Dei første tre åra følgde ein den studieplanen som var gjeldande ved Chicago C. of N., og dei retningslinjer som «Council on Colleges of The American Naprapathic Association» for akreditering av institusjonar som utdannar naprapatar.

På denne måten kom naprapatutdanninga i Sverige til å autoriserast for å gje tittelen «Doctor of  Naprapathy – D.N.» I den første klassen tok ein inn 25 studentar. Dei første 12 åra sto Hans Axelson`s Gymnastiska Institut for mjukdelsbehandlingsfaga ved skulen. Desse skilde lag i 1982.  I 1972 traff Bjørn Inger Berg, som kom til å bety mykje for naprapatutdanninga og naprapatien. Ho hadde pedagogisk utdanning, og organiserte og planla verksemda, samt utvikla nye kursplaner.

Men å starte privat utdanning innan medisin på byrjinga av 1970-talet møtte sterk motstand. Det politiske klima fremja ikkje private initiativ overhode, og i alle fall ikkje innan utdanning og helse. Bjørn såg tidleg vekta av høg kompetanse på lærarar, noko som førte til omfattande arbeid for å få til. Trass massiv motstand frå legar og fysioterapeutar vart det rekruttert høgkompetente folk.

I 1973 låg det føre ny studieplan. I den vart det lagt stor vekt på differentialdiagnostisk kunnskap og undersøkingsmetodikk. Klassisk massasje innførdest som eit komplement til manipulasjonsbehandling. Dette samstava med Smith`s syn på rørsleorganrelaterte problem, der dei strukturane som fins i tilknytning til ledda , som musklar, nervevev og det Smith kalla Connective Tissue, binde-/støttevev spelar ei viktig rolle årsak til pasienten sitt problem. Denne kombinasjonen av teknikkar som vart skapt i 1973, har sidan prega den svenske naprapatutdanninga. Bjørn viste viktigheita av å integrere teoretisk, praktisk og klinisk undervisning.

Naprapathøgskolan`s klinikk vart den staden studentane under heile utdanninga fekk mogelegheit til å ta i bruk sine kunnskapar i verkelegheitstru samanheng.

Under siste halvdel av 1980-talet vidareutvikla mobiliseringteknikkane som også under Smith`s tid var aktuelle. Og nettopp kombinasjonen av leddspesifikk behandling og behandling av mjukdelar pregar naprapatens måte å arbeide på.

Gjennom alle år utmerka Bjørn seg som ein grundig naprapat og inspirerande forelesar. Han var ein framsynt og uredd visjonær, og ein pionér i manuell medisin i Norden. Foruten Naprapathøgskolan i Stockholm fins University of Science i Kotka i Finland.

Bjørn J:son Berg gjekk bort 29.03.2021.