Om Naprapat Paulen

Naprapat Ole Petter Paulen 

D.N., M.C., U.C.C.

Ole Petter Paulen starta Førde Muskel -og Leddklinikk 15. januar 1999 og var den første naprapat frå Sogn og Fjordane.

I 2005 endra han bedriftsnamn til Førde Naprapatklinikk, som vart endra til www.naprapatpaulen.no august 2021.

Frå starten av og videre har interessa for faget medført fleire utdanningar og kurs, med eit breidt nettverk av naprapatar, chiropractorar, osteopatar, akupunktørar mm. Dette har óg gjeve solid erfaring og høg kompetanse på spesifikk nakkebehandling.

Paulen har sitt spesialfelt i HIO og Atlasteknikken. Sjå ytterligare informasjon under behandlingsmetodar.

Før Paulen tok til på naprapatutdanninga var han sjølv aktiv innan ulike idrettar.